Kaninbyen er ein roman skrevet av den vestlandske forfattaren Arild Rein og er utgitt i 2004. Arild vart fødd i Stavanger i 1960 og blei kåra av Stavangers befolkning til Stavanger Europeiske Kulturbys forfattar i 2008 med boka Kaninbyen.
Hovudpersonen i boka er Jonny Roxmann. Jonny er dømd for å vera hallik og lever i boka av forsikringssvindel og litt småkriminalitet. Han bur i ein gammal kolonihage som han arva frå far sin. Under gladmatsfestivalen opnar han ei bod der han seljer bakt potet. Handlinga går hovudsakelig ut på at Jonny lever sitt spesielle liv og steler ingrediensar til festivalen, møter ei asiatisk jente som han seinare blir forelska i og tankar han har om oljebyen Stavanger. Det er brukt enormt mykje banning i boka, noko som understrekar språket bra etter min meining og dette får også talen i boka til å virke meir realistisk.
Det som eg synes er bra me boka er at Stavanger blir skildra litt kritisk gjennom Jonnys tankar og det er og hyggelig å lese om omgivnader som eg kjenner igjen. Når det kjem til boka som ein heilskap, er eg derimot ikkje like positiv. Eg synst at boka hadde ein dårleg handling og dårleg samanhang. Det verker som om forfattaren på enkelte steder ikkje veit kva han skal skrive og skriv heller om livet å rare ting som folk ikkje gjer. Dette gjer at eg om lesar ikkje klarar og følgje med på kva som eigentlig er handlinga i boka og dette fører igjen til at boka blir meir eller mindre uinteressant. Ellers er boka grei og til tider litt morosam. Boka gir også eit innblikk i ein tilfeldig manns spesielle kvardag og kva han tenkjer om Stavanger og diverse andre ting. Noko som gjer boka litt meir tunglest og vanskeleg, er all klaginga og sutringa til Jonny over livet. Dette gjentek seg gjennom heile boka. Alt i alt synes eg denne boka har en dårleg handlingskurve og dårleg samanhang. I tillegg til dette følar eg at boka har et snev av humor, noko som eg ser på som det einaste positive i boka.
Kjelder:
Rein, Arild. 2004. Kaninbyen. Det Norske Samlaget, Oslo.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar